Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
logo Sykehusapotek Nord

Migrene

Migrene er ein kronisk, nevrologisk anfallssjukdom, der moderate til kraftige hovudpineanfall er det mest framståande symptomet. Årsaka til migrene er ikkje fullstendig klarlagd, men arv speler truleg ei rolle når det gjeld kven som utviklar migrene.

Både kvinner, menn og barn kan få migrene.Det finst førebels ingen testar, blodprøvar eller røntgenundersøkingar som kan stille diagnosen.
 

Visste du at?

  • Migreneanfall varar frå 4 timar til 3 døgn.
  • Hovudpina kjennast ofte på ei side av hovudet, men ikkje alltid.
  • Smerta kan vere dunkande/pulserande.
  • Det er typisk at smerta blir forverra ved rørsle som for eksempel trappegang.
  • Mange blir følsame for lys og lyd, og nokre gonger også for lukter.
  • Mange opplever at dei blir kvalme, uvel eller kan kjenne at dei må kaste opp
  • Mange kvinner har migreneanfall i samanheng med menstruasjon.
  • Synsforstyrringar, kjenneforstyrringar og talevanskar kan hende som ein del av migreneanfallet, men berre hos ca.20 % (aura).
     

Er hovudpina mi migrene?

For å hjelpe deg å avgjere om hovudpina di kan vere migrene, kan denne testen vere nyttig:

  • Blir du lysfølsam under hovudpineanfall?
  • Blir du kvalm eller uvel når du har hovudpine?
  • Har hovudpineanfall ført til at du ikkje har kunna fungere/har måtta vere borte frå jobb eller skule ein dag eller meir dei siste 3 månadene?

Dersom du svarer ja på 2 eller 3 av desse spørsmåla, er det sannsynleg at du har migrene.For å få stadfesta diagnosen og få riktig behandling, bør du oppsøkje lege.Det blir tilrått at du fører hovudpinekalender og at du tek den med til legen når du skal snakke om hovudpina di.
 

Behandling av migrene

Dersom ikkje reseptfrie smertestillande legemiddel hjelper på smertene, bør du kontakte lege for å få spesifikk migrenebehandling.Dersom du har migreneanfall ofte, bør du snakke med legen om førebyggjande migrenebehandling.


Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenkjer alvorleg sjukdom – ta kontakt med lege.Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av lækjemiddel.

Sist oppdatert 20.07.2021