Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
logo Sykehusapotek Nord

Hodelus

Hovudlus er blodsugande parasittar som lever i hovudbotnen. Hovudlus rammar oftast barn som går i barnehage eller på skule.

​Dei er grå (gjennomsiktige), brune eller svarte. Har dei nyleg soge blod, kan dei vere raudlege. Lengda på lusa varierer frå 2 mm til 4 mm. Egga er 0,3 x 0,8 mm og er festa godt til hårstråa.

Eit uklekt egg er gulkvitt og gjennomsiktig. Når egget er klekt, er det berre eit papiraktig kvitt skal igjen. Kløe i hovudbotnen er eit vanleg teikn på hovudlus, men ikkje alle opplever dette. Andre teikn på smitte er sår og infeksjonar i hovudbotnen pga. kløe.

Visste du at?

  • Lusesmitte har ikkje noko med hygiene å gjere. Lusa trivst godt i reint hår.
  • Lus kan ikkje fly eller hoppe.
  • Lusesmitte skjer ved at ei lus kryp frå ein person sitt hovud til ein annan person sitt hovud ved nærkontakt.
  • Det er lite sannsynleg at lus smittar gjennom hovudplagg, børstar og kammar. For å hindre smitte blir det likevel anbefalt at ein ikkje låner dette av andre.
  • Ein bør ta ein grundig lusesjekk dersom personar i omgangskrinsen er smitta.
  • Lusesmitte skjer heile året og er ikkje sesongavhengig.
  • Ved påvist lus må ein snakke med kvarandre for å avgrense omfanget.
  • Berre dei som har fått påvist lus, skal behandlast.

Kva kan du gjere sjølv?

  • Lus opptrer no heile året. Det er derfor viktig med regelmessig sjekk då dette er einaste måte å avgrense omfanget på. Ein kan sjå hovudlus oftast i nakken bak øyrene og oppover mot issen. Dersom ein har mistanke om lus, bør ein undersøke håret systematisk og nøye ved hjelp av ein fintanna lusekam, forstørringsglas og godt lys.
  • Lusekammen kan brukast i både vått og tørt hår. Det er enklast å bruke kammen i vått hår, sidan lusa ikkje beveger seg så lett når håret er vått. Grei håret langsamt i små parti om gongen, og gransk hårstråa nær hovudbotnen nøye. Dersom ein har lus, er det anbefalt å kamme håret ein gong dagleg i 10 dagar, og deretter ein gong i veka i fire veker, for å vere sikker på at all lus og egg er fjerna.
  • Ved påvist lus skal det behandlast med lusemiddel. Følg bruksrettleiinga til produktet nøye.

Apoteket anbefaler

Barn frå 2 år og vaksne, ammande og gravide

  • Nix Sjampo
  • Linicin 15 min Solution

 Barn under 2 år

  • Nix Sjampo *
  • Linicin 15 min Solution. Kan brukast frå 6 md.

*Barn under 6 md. berre etter avtale med lege.
 

Vi anbefaler også bruk av lusekam og forstørringsglas.


Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.

Sist oppdatert 13.02.2024