logo Sykehusapotek Nord

Rosacea

Rosacea er ein kronisk betennelse i huda i ansiktet. Ein ser gjerne små utvida blodkar, spesielt i panna, på haka, på nasen og i kinna.

Periodevis kjem det raude hevelsar og kviseliknande utslett. Årsaka til rosacea er ukjent, men ein reknar med at det er ein kombinasjon av arveleg disposisjon og ulike miljøfaktorar.

 

Visste du at?

  • 3–5 % prosent av befolkninga utviklar rosacea. Sjukdomen er meir vanleg hos kvinner enn hos menn.
  • Sol kan forverre utslettet. Beskytt deg godt i sola, og bruk ein lett solkrem.
  • Du bør velje lette hudkremar utan mykje olje. Bruk milde reinseprodukt og eventuelle dekkande kremar. Det finst gode spesialprodukt for å dempe raudfargen i tillegg til dekkande fuktkremar.
  • Du bør prøve deg fram til kva hudprodukt som passar for deg.
  • Det finst legemiddel som kan brukast ved store plager. Desse må skrivast ut av lege.


Kva kan du gjere sjølv?

Det finst ei rekke faktorar som kan utløyse eller forverre tilstanden. Det er viktig å følgje med på og erfare kva som gjer at symptoma oppstår eller blir forverra hos deg. Ver forsiktig ved:

  • Bruk av kremar med kortikosteroid
  • Kulde, raske temperatursvingingar
  • Høg innetemperatur, badstue, varme bad

Apoteket anbefaler

  • Legemiddel – Rozex Gel* eller krem – til behandling av rosacea.
  • Reinsemiddel – Vel eit mildt spesialprodukt tilpassa reinsing av sensitiv hud.


Eksempel på produkt:

Ansiktspleie

Normal/blanda hud

  • La Roche-Posay
    Fuktkrem. Motverkar raudfarge i huda.
  • Rosaliac UV SPF 15*
    Lett grønfarga for å nøytralisere raudfargen.

Tørr hud

  • La Roche-Posay
    Fuktkrem. Motverkar raudfarge i huda.
  • Rosalic UV Riche SPF 15*
    Lett grønfarga for å nøytralisere raudfargen.

 
Alle hudtypar

Antiraudneserum utvikla mot lokal raudfarge i huda.

  • La Roche-Posay Rosaliac AR
  • Intense serum


Dempande fuktkrem – god til sensitiv og irritert hud.


  • Avene Skin Recovery Cream

 

 
Korrigerande sminke
 
Alle hudtypar

  • La Roche-Posay CC Cream SPF 30*
    Dekker og korrigerer raudfarge i huda, gir ein glatt og jamn hudtone.
  • La Roche-Posay Toleriane Teint*
    foundation flytande
    foundation kompakt
    concealer
    * kan bestillast
     

Sol

Godt tilpassa solsensitiv hud.

Alle hudtypar

  • La Roche-Posay Anthelios
  • Eucerin Sun Sensitivity SPF 25/50


Feit/normal/blanda

  • Eucerin Sun Face fluid SPF 50
     

 

 
Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel. 

Sist oppdatert 13.02.2024